DUGNAD PÅ LARSNES KYRKJE

Dugnad gir samhald og styrke! No er det Landsbykyrkja som skal få nye vindauge og ny maling i  sommar og haust! Fellesrådet har sendt ut innkalling til dugnad til nokre personar laurdagane 18.  og 25. juli, ja, om veret tillet det! Fellesrådet vil gjerne  at andre som har noko å bidra med, kan kome desse dagane.

Her er innkallinga som er sendt ut:

Ver med og gje kyrkja eit lyft!

Det er no over 30 år sidan kyrkja på Larsnes sto ferdig, og det er på på tide at den får sårt tiltrengt pleie slik at vi kan få nytte av den i mange år til. Det er planlagt eit større vedlikehald denne sommaren og hausten, der det blant anna skal skiftast ein del vindu, og heile fasaden skal vaskast og malast. Fellesrådet ber bygdefolket om hjelp til å få utført malinga i løpet av sommaren slik at dette er klart til konfirmasjonen til hausten.

Vi håpar du vil ta i eit tak for kyrkja vår som er ein viktig samlingsplass i mange samanhengar, og vi satsar på å få arbeidet utført i løpet av to laurdagar i sommar. Sidan dette arbeidet er avhengig av veret kan det bli endringar på kort varsel, vi ber om forståing for dette.

Det som skal gjerast i denne omgong er maling av bordkledning på kontorfløy og vestvendt vegg, maling av vindauge på kontorfløy, samt maling av mur på nord- og vestvendt vegg. Vi syter for alt utstyr, så det er ikkje nødvendig å ta med seg anna enn god arbeidslyst. Drikke og noko å bite i vert servert.

Mvh Fellesrådet v/Karl Artur

Og tidspunktet? Kløokka 1200! Ser deg!