Kommunestyret på nett

Sande kommunestyre vedtok etter spørsmål frå Sande Venstre å legge fram ei sak for formannskapet etter ferien om streaming eller direkteoverføring av kommunestyremøta frå hausten. Sande kommune er ei av dei få kommunene på Sunnmøre som enno ikkje har praktisert dette. Det vart framheva i debatten at dei fleste parti ynskjer at fleire skal kunne får informasjon om det politiske arbeidet i kommunen.


Trass i at partia signaliserer eit sterkt ønskje om fleire aktive medlemmer, og at einskilde saker skapar stort engasjement i tradisjonelle og sosiale media, er det likevel eit fåtal av veljerane som tek seg tid til å være tilhøyrarar på møter i folkevalde organ.

Venstre meiner at openheit skal prege politikken. I høve viktige saker komande året vil Sande Venstre at kommunen tek eit stort steg i å integrere velgjarane meir i folkestyret gjennom direkte overføring av bilde og lyd i frå kommunestyret.Det vil styrkje innbyggerane si interesse for og skape engasjement i korleis kommunen vert styrt. Teknologien finnast, og vert stadig brukt av nær alle  kommunane rundt oss..

 Venstre sitt forslag til vedtak:
Openheit og innsyn i demokratiske beslutningsprosessar og -organ er grunnleggjande for demokratiet, og ny teknologi gir moglegheit for å gi folk høve til å følgje med på møte og avgjersler og når ein ikkje er fysisk til stades. Dettte bør Sande kommune skal nytte seg av.

Sande Formannskap ber Rådmannen setje i gang ein prosess for å få direktesendingar/streaming fra møta i kommunestyret/formannskapet.

Målet er at det skal være direktesendingar/streaming frå møta i kommunestyret i Sande kommune snarast råd og dekkje haustmøta 2018

Dersom kommunen ikkje ynskjer å distriburere kommunestyra frå hausten ber Sande Venstre om løyve til sjølv å starte prøvesendingar frå hausten. Eg forutset at ein får tilgang til fiberkabel med god kapasitet. Dette sjølvsagt utan andre kostnader for kommunen.

Så får vi sjå kva utfallet blir, – første kommunestyret er planlagt i september.