Årsmøte i Norges Handikapforbund Sande

Det er eit aktivt lag som heldt årsmøte på Gamlebanken torsdag 20. februar. Laget har teke opp  mange saker i 2019 og er bl.a. etter valet representert i Rådet for personar med nedsett funksjonsevne med 3 medlemmer. Her har laget allereie markert  seg i mange saker ang. trafikale vanskar, unisersell tilpassing  m.m.,  her kan ein ta opp interessepolitiske saker på eit breitt og høgt plan.

I årsmeldinga les vi også om andre ting laget er med på. På Sandemessa hadde laget informasjonsstand og fekk 6 nye medlemmer. Av aktivitetar elles kan nemne julebord på Landsbyhuset med 70 innbedne gjestar frå Søre Sunnmøre. Dette var veldig populært!

Årsmelding og rekneskap vart gjennomgått utan merknader.

Valet var  veldig greitt val då alle i gamlestyret vart gjenvalt. Det var 3 stk som var på val og som skulle veljast for 2 år. Slik ser  styret for 2020 ut:

Leiar: Else Marie Rekdal (2 år)

Nestleiar: Lidvar Muren (1 år)

Kasserar: Alvhild Kvamme Iversen (2 år)

Serkretær: Torunn Lillebø (1 år)

Styremedl.:  Jarle Takseth (1 år); Anne Marta Torset (2 år); Jørn-Hugo Jahansen (1 år)

Varamedlemmer (valt for 1 år): Arne Sævik, Bodil Brandal, Bodil Dahl

Revisor: Trond Torset

Framover: Saker som laget framleis må involvere seg i, er m.a. alt innan universell tilpassing ; dette er både tilgjengelegheit  med transport – dvs buss og ferje, offentlege bygg. Dessutan vil laget involere seg i dei trafikale tilboda  som vert gitt på ytre søre Sunnmøre når det gjeld buss og ferjer; og her er det snakk om både tilgjengelegheit og tilbod!

Møtet vart avslutta  og alle var samde om å stå på og markedsføre laget sine fanesaker!