Årsmøte i Larsnes Sogelag

I desse dagar står årsmøta nesten i kø for å bli avvikla! Sist ut var Larsnes Sogelag som hadde sitt årsmøte sist onsdaag på lagslokalet sitt i kjellaren på Gamlebanken! Dette er eit aktivt lag som har hatt 16 styremøte i løpet av 2019!

To større arrangement  har laget vore med på i 2019 – Sumarsamkoma og Sandemessa. På Sumarsamkoma var  det bygdevandring på  Kvalen . Dette er eit utruleg populært arrangement. Sjølv med dårleg ver var der om lag 40 som var med på vandringa.  Laget var også med på binding av blomsterkransar, ansiktsmåling og vaflesteiking. På Sandemessa var det utstilling av bilete og sal av bøker. Populært er også kakene frå oppskriftboka til bakar Reidar Haugen!

Sogelaget  har elles utstilling av bilete i Jokerkråa, har scanna papirbilete frå samlinga til R.E.Sæter og andre aktuelle bilete.

Svært viktig er lagskveldane  på onsdagar.  Laget hadde 110 medlemmer i fjor.

Årets val var einstemmig;  alle i gamlestyret tok attval. Slik ser styret ut for 2020.

Leiar: Hilde Brune Nystøyl, nestleiar: Sindre Torset, kasserar Solrun Slettestøl, sekretær: Marte Storegjerde, styremedlem: Torbjørn Rekdal sen., varamedlemmer: Rasmus Ekroll og Dorthe Nordahl.

Framover vil laget gjere ein innsats for å få fleire medlemmer.   Det er  også  viktig å få nedskreve den nære historie , inkl. å få med bilete til det. Kanskje kan ei organisert samling på biblioteket ein dag i veka vere med på  å få dette til!  Framover må ein også få til ei oppgradering av Kulturhaugen med t.d. rydding og å  få opp skilt. Laget er framleis interessert i bilete, gjerne frå tida 1945 og framover!

Vi ser fram til eit nytt aktivt og godt år for Larsnes Sogelag!