STOR AKTIVITET I LARSNES IL

Den fyldige årsmeldinga frå Larsnes IL   som vart lagt fram på årsmøtet 3. mars, viser stor aktivitet i 2018.  Med over 300 medlemmar er LIL største idrettslaget rundt om, og aktiviteten spenner frå fotball med 9  lag, trim,  Idrettsskule pluss den nyaste gruppa;   Turngruppa  som pr.d.d. tel 57 aktive. Bra oppmøte var det også denne søndagen med over 30 medlemmar til stades.

Av årsmeldinga til hovudstyret står det at sluttføring av finansieringa av Larsneshallen har vore ei stor bør då einigheit med kommunen framleis ikkje er i orden, sjølv med stor innsats frå laget si side og med advokatar som er samde; men det dreg ut, ser et ut til!

Vidare har LIL etablert ballbinge i sentrum ved Larsnes Brygge, og siste har laget fått godkjent spelemiddelsøknad på sanitæranlegg i Larsnesvika.

Trimgruppa organiserer ikkje berre fjelltrimmen – som har hatt over 10 000 innskrivingar i dei 7 bøkene.  Gruppa administrerer også yoga utanom dame- og herretrim og Larsnesmila.  Fotball har hatt 9 aktive lag i aldersbestemte klasser. Gruppa jobbar heile tida med å gi eit tilbod  til dame og ungdom. Det vert heile tida jobba med Fair Play!  Elles er det samarbeid med LGFK; 4 divisjon + 16årslag.

Idrettssskulen køyrer på med varierte tilbod, og særleg symjing er viktig!

Anlegggruppa gjer eit kjempearbeid med vedlikehald og har i tillegg har ei større vasskade på klubbhuset.  Turngruppa som er den nyaste, har også medlemmer frå andre grupper og har arrangert «Åpen hall» fleire søndagar. Populært!

Val :  Hovudstyret: Leiar: Einar Ekroll; Nestleiar: Bård Dalen; Økonomi: Karl Arhtur Vasstrand; Medlemsregister: Karen Marie Ekroll; Leiar Trim: Trygve Gaustad; Leiar Idrettssskule: Marita V. Guldbrandsen; Leiar Turn: Stine Sætre; Leiar Fotball: Thomas Oksavik; Leiar Anlegg: John  Magne Gjerde.

Valet gjekk greitt, men fotball manglar ein i styret, noko fotballstyret fekk fullmakt av årsmøtet til skaffe sjølve.

Tre tillitsvalde fekk sine vel fortente utmerkingar denne søndagskvelden: Thomas Oksavik for 10 år, Toril Urkedal – 10 år og Tobben Rekdal – 15 år. Vi gratulerer!

Laget har også utarbeidd ein «Strategiplan for Larsnes IL 2019-2022»  med undertittel  «Det skal ein landsby til å oppdra eit barn – og til for å skape trivsel for dei vaksne». Eg oppmodar alle medlemmar om å lese dette dokumentet. Dette gjeld for alle i landsbyen vår!

På vegne av alle frammøtte på årsmøtet vil vi takke alle tillitsvalde for ein flott jobb i 2018; og til dei nyvalde; stå på; for det trengs ein heil landsby for å ta vare på alle!!

tronto@tussa.com