Årsmøte i Larsnes IL

2020 er året med mange jubileum i Larsnes IL. Det er 30 år sidan Larsnes Stadion vart opna. Skuleårret 89/90  Idrettsskulen  – noverande Allidrett –  i gong,  og det er 5 år sidan Turngruppa vart starta. Ja, så er det 45 år sidan turorienteringa starta – det som no er kalla Fjelltrimmen. Det er ikkje tvil at det har vore stor aktivitet i laget, med mange nyvinningar! Men aktiviteten i 2019 er imponerande;  også med endå ei nyvinning; nemleg E-sport!  Breidda er utruleg stor og LIL har eit styre og hjelpeapparat alle i laget og landsbyen skal vere stolte av!

Av årsmeldinga til hovudstyret er det presisert at LIL er eit lag dreve av frivilligheit. Det er fleirfoldige årsverk som vert lagt ned i form av dei idrettslege  aktivitetane, dugnad  som vaksing av båtar og på anlegga, organisering m.m.  40 stk har  i 2019 stilt opp som tillitssvalde, trenarar, leiarar og dugnadsfolk.  Laget  har om lag 200 aktive fordelt på Allidrett – 50, Turn – 70 og Fotball med 10 lag og 70 deltakarar. Imponerande! Og LIL  Fotball vart i 2019 kåra som årets kvalitetsklubb på Sunnmøre!  Vi gløymer ikkje Trimgruppa som har sett ut merkepinnar og  fått til parkeringsplassen på Drageskaret i samarbeid med Gursken IL. Det er ikkje få som har skreve seg inn i bøkene på toppane der Storehornet stikk seg ut med 3208 innskrvne! Ny topp for året var Kirkhornet!

Laget hadde i 2019  287 medlemmer.

Larsneshallen vart endeleg avklara med kommunen, og no er saka avslutta – og laget har fått ein grei avtale  med bl.a. klubblokalet på loftet i hallen.

Lagert er med på Sandemessa og Sumarsamkome; og landsbyquizen har vorte eit populært arrangement! Økonomien er bra, og under kontroll.

Framover er Badehuset  det store prosjektet som vil gjere Landsbystranda endå meir attraktivt!  Planlegging av Vardevegen – frå Storhaugen til Skitnevika – er allereie i gong, men er litt lenger fram i tid!

Av sakene som var oppe var oppretting av E-sport-gruppe.  Denne fekk mandat frå årsmøtet saman med hovudstyret  å finne ei god organisasjonsform for gruppa.  Første målet er å få  dei unge ut og kome saman. E-sport er stort internasjonalt – og vil nok snart bli ein del av NIF.

Økonomi og budsjett vart gjennomgått utan merknader.

På årsmøtet fekk desse  utmerkingar  for arbeidet som tillitssvalde : For 10 år: Oddbjørn Indregård og Torbjørn Rekdal sen. For 5 år: Karl Arhur Vasstrand

Årsmøtet var samstemmig i valet som vart såleis:

Hovudstyre: Leiar: Bård Dalen, nestleiar: Karen Marie Ekroll Riborg; økonomi: Karl Arthur Vasstrand, Leiar Trim: Trygve Gaustad; Leiar Allidrett: Marita Gulbrandsen; Leiar Turn: Stine Sætre; Leiar Anlegg: Toril Urkedal; Leiar E-sport: Håkon Vestnes.

Trim: Leiar: Trygve  Gaustad; medlemmer; Torgrim Taklo, Ståle Torset, Elisabeth Nupen, Marta Elise Baade, Siv Helen Tødenes

Allidrett: Leiar: Marita V. Gulbrandsen. Medl.: Inga Dalen Slettestøl, Knut Olav Skare

Turn: Leiar Stine Sætre. Medl.: Siri B. Gjerde, Marte Hansen

Fotball: Leiar: Thomas Oksavik. Nestleiar: Oskar Stig Rekdal; Økonomi: Elisabeth Sunde; medl.: Heidi Skoge, Aadne Sandanger, Torbjørn Rekdal jr.

E-sport: Leiar: Håkon Vestnes, Elin R. Skogstad, Silje Ekroll Riborg

Anlegg: Leiar: Toril Urkedal, medl.: Kolbjørn Kvalen, Torbjørn Rekdal sen., John Magne Gjerde, Elena Joksch, Rasmus Ekroll

Revisorar: Anders Støylen, Jarle Gunnarstein

Valnemnd: Leiar: Oddbjørn Indregård, medl.: Rasmus Ekroll, Håkon Vestnes.

Leiar Bård Dalen takka for frammøtet  i dag – tysdag 3. mars – og ynskte alle eit godt arbeids- og idrettsår for LIL!

¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤¤

Klubblokalet på loftet i Larsneshallen  har blitt flott med utstillingar av pokalar,  diplomar og bilete! Sjekk om du har noko som kan bidra til endå meir historie! Det vere seg bilete – både gamle og nye, diplomar eller pokalar!!