Årsmøte i Larsnes Helselag

Larsnes Helselag er eit aktivt lag og støttar landsbyen på mange område, ja, støtta er både lokalt og nasjonalt! Denne veka har laget hatt årsmøte på Elveromstova.

Mange tenkjer fastelavnsris når Helselaget vert nemnt. Sjølvsagt har dei sal av ris dette året også, men dei er med på så mykje meir. Utanbygds folk synes veldig godt om innsatsen dei gjer i etterlag under gravferd. Det er ikkje så lett å få til dette, men her stiller laget opp!

Av årsmeldinga kan vi fastslå at laget har gjort ein variert innsats i landsbyen, alt ifrå tillaging til julefest på Sandetun, steikt vafler på Øya, tombola både på Elverom og på Øya, lunsj på skulen for elevar og tilsette, nissegraut på skulen, ja, og meire til.

Andre område laget har støtta er: Bord på Drageskaret, stol til Volda sjukehus, Hjerteaksjonen, Larsnes kyrkje , Hauemarkja Barnehage, TV-aksjonen og Demenssaka; i alt har dei gitt gåver på nærare 30 000 kr.  Imponerande av eit lite lag.

Valet vart slik: Leiar: Astri Bente Sandvik, nestleiar: Lina Strand, kasserar: Anne Marta Torset, styremedlemmer: Inger Anne Torset og Solrun Slettestøl.  Vara: Reidun Voldnes.  Valnemnd: Solbjørg Gran og Aud Brynildsen.

Oppmoding: Ver med og støtt Larsnes Helselag!

 

tronto@tussa.com