ÅRSMØTE I LANDSBYHUSET BREIDABLIK

Onsdag 26. august vart årmøtet i Landsbyhuset heldt! Leiar i styret, Harald Sætre,  tok oppsummeringa av 2019 .  Han gjekk gjennom årsmelding og rekneskap for 2019.  Dette var eit svært godt år der FeelIT  genererte mest inntekt, men også Sandemessa og Sumarsamkoma  bidrog sterkt til eit godt økonomisk år! Breidablik har god likviditet!

Heile 97 dagar  var huset opptatt!

Samarbeidet  med Gamlebanken Scene har medført at Landsbyhuset er «viden kjent» for fabelaktig lyd og lys samt den digitale biten. Det fins ikkje slike hus i mils omkrets.  I tillegg  gjer  innkjøpa av bl.a. runde bord, stoltrekk  og «stjernehimmel»  sitt til at huset er – som sagt – unikt , for alle sortar arrangement!

– Det er ein utruleg dugnadsinnsats som vert gjort,  streka Harald under.

Dei tre som stod på val, tok gjenval for 2 nye år. Styret er: Harald Sætre – leiar, Torhild Urkedal – økonomisk ansv, Bjarte Rovde, Lisa Iversen, Ingvill Kristensen og Steinar Skoge.

– Årsmøtet skulle eigentleg vere i mars, men vart utsett. Det var – og er , heilt umuleg å lage noko budsjett når tidene er slik, så for 2020 er det ikkje det laga, kommenterte Harald.  – Ein må sjå framover og derfor er det planar om å engasjere eit firma for å prosjektere utviding, men lenger er det ikkje komt!

Som avslutning på møtet, vart det prat om 2020 og tida framover. Ingen veit kor lenge coronaen  vil gjere utslag på aktiviteten, men slik stoda er pr dags dato, synes både FeelIT og Sandemessa å vere langt unna til å bli arrangert.

Til tross for at pandemien har sett stoppar på mange ting, har likevel huset vore utleigt til bl.a. Sande kommune og kommunestyremøter, bryllaup, bursdagar. I tillegg var den kommunale, digitale  17.mai-feiringa gjort på Breidablik, ei forestilling som vart kommentert langt utanfor Landsbyens grenser!

Eit par andre ting kan gjerast bl.a. «selje» huset som selskapslokale og møte/kurslokale, samt få opp skilt og namn på veggen!

Ein ting er skråsikkert: Dugnadsinnsatsen som vert gjort, er uvurderleg!