75 år med fred

Larsnes Sogelag hadde i år planlagt å feire frigjeringsdagen 8. mai med ei  litt større markering her på Larsnes.  Som alle veit, let dette seg vanskeleg å gjennomføre i år, så laget ser føre seg at dette må takast igjen til neste år!

Denne historiske og viktige dagen som vi aldri må gløyme, fortener å verte markert kvart år. Dette ser styret i Larsnes Sogelag som ei av sine fanesaker!

Sogelaget vil elles minne om at laget har gjort opptak av Kjartan Oksavik si oppleving da han med fleire vart arrestert 1. februar 1945 og sende i fangeleirar. Dette opptaket har sogelaget for utlån – lagra på minnepenn!

Sogelaget har også for sal boka «Høgt spel i Oksavika». I denne boka kan ein lese alt om arrestasjon,  frigjering og alt om Freystasjonen i fjellet ovanfor Oksavika. Boka kostar 200 kr . Kontakt Hilde  Brune Nystøyl eller Marte Storegjerde om du ønskjer å kjøpe boka.

Larsnes Sogelag og larsnes.no ønskjer lukke til med 8. mai og 75-årsdagen  for frigjeringa av landet vårt!