Nytt frå landsbyen

HENDT OG HENDER
Dugnadane held fram, kick-off fotball var sist søndag, årsmøta er unnagjort i alle lag og organisasjonar, fotballsesongen er i full gang, men sommaent vente på seg! FRAMOVER. ONSDAG 26. APRIL: "iNTERNASJONAL KVELDSMAT" m/kulturinnslag i Larsnes kyrkje FREDAG 28. APRIL KL 1730. KICK-OFF + 4.DIV.KAMP PÅ RIVER PLATE: LGFK-ROLLON FRAM TIL 6. MAI: DUGNADINNSPURT PÅ LANDSBYHUSET ONSDAG 3. MAI OG TORSDAG 4. MAI KL 1700/1900. RUSKENDAGAR I LANDSBYEN LAURDAG 6. MAI: KONFIRMASJON I LARSNES KYRKJE 17. MAI ER I ÅR PÅ EIN ONSDAG. 16. JUNI: KONSERT MED STIG ULV PÅ LANDSBYHUSET FREDAG 23. JUNI (JONSOK), LAURDAG 24. OG SØNDAG 25. JUNI: SUMARSAMKOME I TILLEGG; FOTBALLKAMPAR PÅ KUNSTGRASBANA (Sikkert meir som skjer, men det må kome innspel om aktivitetar)
25.04.17 09:31
LARSNES HELSELAG - ÅRSMØTE
19.april hadde helselaget årsmøte. Årsmeldinga viser eit akivt år der laget støttar mange aktivitetar i landsbyen - alt i frå tiltak på Sandetun og Haugatun, skulelunsj, HML Varden, barnehagen turngruppa og meire til. Astri Bente Sandvik har fungert som leiar  sidan leiaren Kjellfrid Sandvik gjekk bort.Helselagets styre 2017: Leiar: Astri Bente Sandvik; Nestleiar: Haldis Garen; Kasserar: Anne Marta Torset; Sekretær: Lina Strand; Styremedl.: Reidun Voldnes og Inger Anne Torset. Laget disponerer Elveromsstova - og for mindre arrangement kan dette lokalet leigast. Ta kontakt med leiar. laget vil halde fram med den gode aktiviteten som var i 2016. Helselaget gjer ein flott jobb; så støtt laget!
25.04.17 09:19
RUSKENDAGAR
ONSDAG 3. MAI og TORSDAG 4. MAI  kl. 1700 - 1900 begge dagar. Oppmøte: LANDSBYPARKEN.  Vi ryddar først og fremst frå ferjekaia og innover - særleg tek vi Larsnesvika/badeplassen, men også rundt Nyglå/butikkane og mot skulekrysset og Ørbechhalsen. Møt opp og ver med å gjere landsbyen triveleg før konfirmasjonshelga og 17. mai.  Vi avsluttar begge dagane i Landsbyparken med grilling og kaffi - sjølvsagt litt veravhengig. Landsbyen syter for traktor/hengar.
24.04.17 20:58
Kick Off 2017
Etter ein laaaang treningsvinter starter no endelig sesongen. I samband med årets første heimekamp inviterer LarsnesFotball heile fotballfamilien til Kick Off søndag 23.april kl 12:00 på KGB. G14 skal spele dobbelkamp kl 12:00 og kl 15:00. Det vert kake, vafler og kaffi/saft. Møt opp og få eit Kick Off - i hyggelig lag med alle dei andre i LarsnesFotball.
19.04.17 22:21
Årets første
Då er vi i gong - J14 har spelt årets første fotballkamp - og det vart ein sterk bortesiger! Det var 11 jenter som i ettermiddag reiste til Ørsta for å spele mot jentene frå Ørsta. Eit lite objektivt kampreferat tyder på at larsnesjentene spelte god fotball, og kontrollerte kampen frå start til slutt. Ved kampslutt viste målprotokollen 3 til Larsnes og 1 til Ørsta. Heia Larsnes!
19.04.17 22:06
Internasjonal kveldsmat
Onsdag 26.april kl 1800 arrangerer fellesrådet internasjonal kveldsmat i Larsnes kyrkje. Våre nye sandssokningar frå Eritrea vil fortelje oss litt om Eritrea, lett musikalsk underhaldning vert det også, og god prat rundt bordet! Ta gjerne med litt mat på fat og kom!
16.04.17 14:10
Helgapraten med Toril
Helgapraten med Toril
På Larsnes.no vil vi framover møte  folk i Landsbyen. Det er høg dugnadsaktivitet i bygda  for tida, og det er nærliggende å ta tak i ei som er aktiv  på den fronten. Denne gongen er det Toril som eg tek  praten med når ho er ferdig med dagens dugnad på Breidablik.  Ho veit ikkje kor mange timar med dugnad det vert, men ho er sett både på Breidablik og båtvask denne veka. Vi tek samtalen om ho og aktivitetane ho engasjerer seg i. Vi tek først nokre spørsmål om ho personleg, for kven er Toril? På spørsmål om korleis vennane hennar vil omtale ho med fem stikkord, meiner ho tolmodige, roleg, og så stopper det opp. Med hjelp av Stine som og er på dugnad vert imøtekomande, positiv og bestemt dei neste tre. Toril er eit A-menneske, og er av dei første på jobb. På ettermiddag er ho stadig på farta med ungane eller for å følgje opp sine tillitsverv. Ho likar ikkje seine styremøter. På TV ser ho opp-pussing- og hageprogram i tillegg til reprise av gamle krimseriar. Og Bing Bang! På senga les ho smusslitteratur. Eg spør om Kolbjørn er heime? I dag er han i Hornindal for å skaffe seg knivar til kvalfangstfiske. Vi fleiper med at ho no vert kvalfangerfru. Toril møtte Kolbjørn på sjøen for 30 år sidan, men det tok litt tid før dei etablerte seg her på Larsnes. Ho, Kolbjørn og ungane  flytta på Kvalen jonsokaftan 2003, to veker før minstemann kom til verden. Toril jobbar i Sande kommune, er leiar i Larsnes IL på tredje året og har vore økonomi- og utleigeansvarleg i Breidablik sidan 2012.  I dag var det 11 på dugnad i 4-5 timar og nokre fortsette etter det. Kva tenker Toril om dugnaden? Det er det som driv veldig mykje av aktiviteten i bygdene våre. Toril synes det er viktig at ungane får det inn med morsmelka. I dag har ho fått to av døtrene til å lage vafler til kaffemat på dugnaden. I tillegg kom Solveig Rovde med fersk skuffekake.  Toril tenker at dugnadsånda er sterk i landsbyen, og det er mange som er positiv. Ho trekker fram dugnadsånda på tvers av lag og organisasjonar. Det er kjekt arbeid og mindre kjekt arbeid (kanskje det mindre kjekke er dei store oppvaskane etter dei første Feel-IT før vaskelina var laga). I dag var det fleire innom for å avklare kva dei skal gjere koamde veke, isolering, måling, taklegging osb. Målet er å bli ferdig til konfirmasjonhelga. Det er viktig for Toril fordi døtre skal ha konfirmasjonsselskap på forsamlingshuset. Når det er ledig tid, tek Toril og familien ofte turen til Hornindal på campingvogna.  Ho står ikkje på ski, men likar å sitje i solveggen med strikketøy og nyte andre sin aktivitet. Toril tenker at det dit familien vil legge  sommarferien i år. Men om ho skulle ynskje seg eit anna feriemål ville ho ta turen til varmare breddegrader med soling, bading og shopping. "Eg er ikkje urban", seier Toril, så storbyferie er ikkje noko for meg. Eg spør Toril kva ynskjer ho har  for framtida, då seier ho at ungane vert etablert og greier seg bra når dei forlet heimen, og at dei sjølve er nøgde.  Toril ynskjer seg meir fritid, mindre ansvar. Det kan ein skjønne med problemstillingane knytt til Hallen som har vore siste halvåret. Heldigvis har det vore mange som har gitt støtte, enda til folk som ho ikkje kjenner. Eg ynskjer Toril god helg når eg forlet huset etter malingsarbeidet. Ho står utanfor inngangen saman med Harald, med kaffikoppen i handa. Men snart på veg heim for å lage havregraut. Planen for kvelden er klar: kvile framfor tv-en med Ole Paus og beina høgt.
25.03.17 17:04
Frisk fredag!
Frisk fredag!
Kva er vel betre enn frist luft på ein fredag! Ein gjeng unge og yngre karar har iallefall pusta frisk luft i dag - rett nok har det vore litt innblanding av gamalt mått-støv - men det skal vist vere bra for tarmen! Karane har gjort ein kjempejobb i dag! Taksida er rein for stein, og dei skal vist ikkje gi seg før det gamle trodet er tildekt med duk. Godt Jobba!
17.03.17 14:51
LARSNES SOGELAG
Larsnes Sogelag nar nyleg hatt årsmøte. Årsmelding, rekneskap og val var på dagsorden , pluss dugnad på Gamlebanken.Larsnes Sogelag si samansetning  2017: Hilde Brune Nystøyl, leiar Sindre Torset,nestleiar Solrun Slettestøl,kasserar MarteStoregjerde,sekretær Torbjørn Rekdal sr,styremedlem Rasmus Ekroll,Dorthe Nordal,varamedlemer.  I midten av mars vil kontingentblankettar ligge  i postkassene i bygdene våre. Velkomne også som nye medlemar.( i Jokerkråa vert det lagt ut blankettar)  Støtt sogelaget sitt arbeid   Framover kjem laget til å prioritere arbeid med digitalisering av bilder og dias. Laget i har og gjort innkjøp av lysbildeframvisar. Elles er ein i siget med å gjere opptak / intervju av personar i nærområda. Laget gjekk til innkjøp av dertil eigna utstyr tidlegare, og Geir Inge Brekke er hyra inn for å hjelpe til med dette. Laget tek gjerne imot bilder av historisk verdi . Når det gjeld Storegjerdesamlinga og henvendingar ang denne bildesamlinga, er kontaktperson Marte Storegjerde Når det gjeld medlemskveldar i Sogelaget sine lokaler i gamlebanken, vil desse verte starta oppatt så snart taket på Gamlebanken er restaurert. Kveldane vert kunngjort på denne sida  og plakatar på butikkane. Elles vert kontigentblankettar lagt i postkassene i bygdene. Laget ønskjer nye medlemmer velkomne. Larsnes Sogelag ønskjer brei støtte til laget sitt arbeid!  
16.03.17 12:28
UTMERKINGAR
UTMERKINGAR
LIL deler ut ei påskjønning for godt arbeid av tillitsvalde for kvart femte år. På årsmøtet i LIL vart 5 tillitsvalde  honorert og dei fekk av leiar Torhild ein krystallvase med innskrift. 5 år: Kolbjørn Kvalen 15 år: Jarle Gunnarstein, Kjartan Bleie 20 år: Aadne Sandanger, Kjell Martin Vikene (Jarle og Adne var ikkje til stades.)
15.03.17 14:16

Kontakt oss
post@larsnes.no

Fotball

PÅ DENNE SIDA SER DU KAMP OG TRENINGSTIDER.http://www.kxweb.no/portal/theme/organization/main.do?siteId=264

I tillegg ligg det informasjon om fotball.
PÅ DENNE SIDA SER DU KAMP OG TRENINGSTIDER.http://www.kxweb.no/portal/theme/organization/main.do?siteId=264 I tillegg ligg det informasjon om fotball.

 

namn funksjon mail tlf
Margunn Rekdal  leiar margunn.rekdal@sande-mr.kommune.no
99419562
Aadne Sandanger

sportsleg

aadne.sandanger@sbm.no

91834355
Marion Bringsvor

dugnad/

dommar

marion.brigsvor@gmail.com 97564200
Tor Helge Lillebø økonomi    
Heidi Skoge   heidi.skoge@sande-mr.kommune.no 92249458
Thomas Oksavik     95918932

 

     

Fotball har som mål at alle barn, unge og vaksne som vil spele fotball skal få eit sportsleg tilbod med kamp og trening i vår regi.
For å vere aktiv må ein vere medlem i Larsnes idrottslag. Medlemskap for familie er 250 kroner i året, for barn kr 100. 
I tillegg er det treningsavgift som er regulert etter alder og aktivitet. Det er venta at foreldre stiller på annonserte dugnadar.

 

 

 

 

 

 

Avslutning årsmøte LIL

Årsmøtet i LIL skal avsluttast tysdag 19 mars kl 19.30 på Breidablikloftet. Sak: Val. Velkomne!

Årsmøte LIL

Minner om årsmøtet i LIL som no nærmar seg. Møt opp på Breidablikloftet tysdag 26 februar kl 19.30. Viktig at mange medlemer møter og på denne måten støttar arbeidet som laget gjer. Kaffi og litt å bite i. Velkomne!!

Nye klubboverdelar

Fotballgruppa er i gang med bestilling av nye klubboverdelar. Alle i bygda som kan tenke seg ein flott og patriotisk overdel kan bestille, møt opp på Joker Larsnes mandag 18 febr mellom 17-19, eller kontakt Heidi. Les meir på www.larsnesfotball.no.

Treningsstart fotball

Frå neste veke tilbyr fotballgruppa fellestreningar for gutar og jenter tre dagar per veke. Tilbodet er ope, kvar fotballspelar vel kor mykje ein vil delta. Dei frå 10-13 år vert ei gruppe, frå 14 år og oppover vert ei gruppe. Sjå www.larsnesfotball.no for meir info. 

Trekning loddbok

Trekning av Sandemesselotteriet si loddbok gav desse vinnarane:

Boka Sunnmørskyrkjene: Marte Petersen

2 juletallerkenar Vika kro: Brit Dimmen

Fenalår: fam Arne Per Jøsok

Fenalår: Torunn og Konrad Lillebø

Ullpledd: Bjørnar Rovde

Periodisk kontroll: Daniel Isene

Portabel harddisk: Magnar og Olav Torset Vestnes

Bilvask: Åsbjørg Rekdal

Gåvekort Haugen 500 kr: Jartrud Dyrhol

Gåvekort Haugen 500  kr: fam Anne Marit Rise

Hekla vognteppe: Linda Gjerde Torsvik

Hekla vognteppe: Oline Grønnevik

Strikka gensar: Asbjørg Brune Urke

Gavekort Millaco 250 kr: Morten Solheim

Gavekort Millaco 250 kr: Arne Dyrhol

Gavekort Millaco 500 kr: Sunniva Karlsen

Gavekort Millaco 500 kr: Roger Halle

 

Takk til alle som støtta oss!!!

Lotterinemnda Sandemessa 2012.

Framleis ledig...

Minner om motivasjonskurset i bruk av hjertestartar/førstehjelp på Sparebankstova i kveld 17.30. Det er altfor få påmelde til eit viktig tilbod. LIL er arrangør, alle i bygda kan delta!! Kontakt meg på 91378693. Synnøve.

Hjertestartar kurs

LIL har fått tildelt hjertestartar frå Mikkofondet. Mandag 3 des er Blostrupmoen på plass for å halde motivasjonskurs. Velkomne til Sparebankstova kl 17.30-21. Det er plass til 20 personar. Påmelding til Synnøve: 91378693 eller kristbrn@online.no. Håper mange ser dette som viktig både i idrettslagssamanheng og elles......

Sandemesselotteriet

I desse dagar startar loddbøkene si vante vandring rundt til heimane. Håper de tek vel imot seljarane, det er lurt å ha litt kontantar i hus!!!

Også i år har våre velvillege bygdabedrifter gitt oss gode bidrag til lotteriet, mange takk til: Mare Safe Sea, Håkon Longva, YX Larsnes, Sande Frisørsalong, O Hatlebrekke latebiltransport, Larsnes Last og Buss, Hjelle Data, Vika Kro, Haugen Fargehandel, Joker Larsnes, Coop Larsnes, Sparebanken Møre Larsnes, Larsnes mek, Breivik Kalkverk, Rune Slettestøl, Rørservice Ulsteinvik. Oddlaug Brune har gitt to hekla vognteppe.

I år er det husstandane frå Halleskiftet og utover som er bedne om gevinstar til tinglotteriet. Skulle det vere nokon i andre bygdelag som har noko å gi til lotteriet er de hjarteleg velkomne til det!!

Synnøve Nystøyl, lotterinemnda.

 

Trenings-/fritidsantrekk

G-sport Hofseth har akkurat no tilbod til Larsnes IL sine medlemer: Umbro Diamond bukse og Umbro Diamond Hood top til ein pris av kr 524 for junior og kr 629 for senior. Dette må vere bestilt innan 31.10. Du kan sende epost til meg kristbrn@online.no, så kan eg sende samlebestilling,eller bestille direkte i butikk, vis til utsendt tilbod. Spørsmål om produkt/fargar kan de rette til G-sport v/Frode.

Vi tilbyr dette utan trykk av noko slag, det vert såleis eit trenings-/fritidsantrekk. Vi også nok ein gong med sponsorinntekter, slik at vi med det første kan tilby ein klubboverdel.... Synnøve.

Haustsesong fotball

Haustsesongen er i gong for fotballaga våre. Har du nokon du vil følgje med på: born, borneborn, naboar, tanteborn, onkelborn, eller er du viktig støttespelar??? Gå inn på www.larsnesfotball.no så finn du ei "ramme" med dei 4-5 kampane som ligg nærast i tid. Velkomne på kamp alle saman!!! 

Påmelding fotballskule

Larsnes IL Fotball arrangerer også i år fotballskule i samarbeid med Sparebanken Møre. Datoane er 14,15 og 16 august. Tilbodet er for jenter og gutar fødde mellom 2006 og 1999. Dei 100 første som melder seg på får plass. Påmelding og meir info på www.larsnesfotball.no. Velkomne til ein kjekk og lærerik fotballskule.

Ny heimeside fotball

Larsnes IL Fotball har stor aktivitet med 11 lag denne sesongen, nær 100 aktive born/ungdomar Dette er vi glade for! For å klare å styre dette på ein god måte, der alt arbeid framleis er frivilleg, har vi oppretta eiga heimeside. Der finn du aktivitetskalendar, retningslinjer, nyhende, opplysningar om ansvarspersonar og anna nyttig info. Vi er i startgropa med heimesida, alt er enno ikkje slik vi ønskjer, men følg med! Alle er velkomne innom sida vår www.larsnesfotball.no.

Treningsstart i fotballgruppa

Inntil dei aldersbestemte laga som er planlagt påmelde startar sine lagstreningar vil fotballgruppa f.o.m komande veke (første dag vert mandag 9 jan) tilby variert trening for alle påmelde spelarar. Innhald i øktene vert t.d. teknikk, uthald, styrke, skadeførebygging. Aktivitetane vert varierte. Vi ber alle om å ha med utstyr til å vere både inne i gymsal og ute. Det er opp til kvar enkelt spelar og føresette om og kor ofte ein vil delta på desse treningane. Dette er altså eit tilbod. Vi oppmodar flest mogleg føresette til å stille som hjelparar. Oppmøte kunstgrasbana. Vi arbeider med eit eige keepertilbod.

Mandagar (Tobben ansvarleg):

10-13 år kl 17-18.30, 14-17 år kl 18.30-20

Tysdagar (Øystein ansvarleg):

10-13 år kl 17-18, 14-17 år kl 18-19.30

Torsdagar (Tobben ansvarleg):

10-13 år kl 17-18.30, 14-17 år kl 18.30-20

Fredagar (Synnøve ansvarleg):

10-13 år kl 17-18, 14 -17 år kl 18-19.30

 

Velkomne alle saman, gutar og jenter. Synnøve har ikkje nett for tida, så bruk mob 91378693 viss de vil ha kontakt.

Fotball 2012 sesongen

LIL Fotball sitt forslag til lagssamansetjing for sesongen 2012 vart presentert for foreldra 08.12.11. Dette ser ut til å gje eit godt tilbod til alle born/ungdomar i LIL som ønsker å spele fotball. Mange lag har fått ansvarlege leiarar, resten arbeider vi med. Her er oversikta:

MG 08 (5ar): born fødde i 2004 og 2005 (evt 2006 påmeldingar også)

MG 09 (5ar): gutar fødde i 2003

LJ 10 (5ar): jenter fødde i 2002 og 2003

LG 11 (7ar): gutar fødde i 2001 og 2002

J 13 (7ar+5ar): jenter fødde i 1999, 2000 og 2001

G 13 (7ar): gutar fødde i 1999 og 2000

J 16 (11ar): jenter fødde i 1996, 1997 og 1998

G 16 (11ar): gutar fødde i 1996, 1997 og 1998

Dame (7ar): jenter frå 15 år

 

De må gjerne ta kontakt med fotballgruppa for fleire spørsmål eller kommentarar. Vi vil ønske alle ei fin advents- og juletid. (vi gled oss til neste sesong som startar med trening i januar for dei eldste....). Helsing LIL Fotball v/Synnøve.

 

Infomøte fotball

LIL Fotball inviterer foreldra til dei påmelde spelarane for 2012 og lagleiarar til eit informasjonsmøte ang sesongen 2012. Dette skjer på Breidablikloftet torsdag 8 des kl 20-21. Einaste saka for møtet vert planane vi så langt har for neste sesong. NB vi ber alle spelarar levere årets draktsett til lagleiar/oppmann, sidan skal dei samla setta vidare til Edvard Inge.

Velkomne på torsdag! Venleg helsing LIL Fotball v/Synnøve.

Fotballskule

Fotballskulen nærmar seg. Mandag 15.08, tysdag 16.08 og onsdag 17.08 skjer det på Larsnes stadion. Minner om tidspunktet 16.30 - 19.30 alle dagane, møt i god tid. For dei opp til 10 år vert det høve til kanopadling i løpet av fotballskulen, dei som har eigen redningsvest tek denne med. Det er framleis ledige plassar på fotballskulen, kontakt Tobben 97012987. Velkomne på mandag, hugs klede etter vertilhøva!

deltaking Norway Cup

LIL fotball har i foreldremøte 26.07 og styremøte 27.07 drøfta LIL si deltaking på Norway Cup dette året. Meiningane er delte og kjenslene mange. Styret har beslutta å opne for at dei av laga som ønsker det deltek på turneringa som planlagt. Styret understreker følgjande:  dersom nokon av spelarane, trenarane, foreldre eller lagleiarar ikkje ønsker deltaking så har laget full forståing og respekt for dette. Dette er ei vurdering som kvar enkelt må ta. Lagleiarane kontaktar/har kontakta "sine" spelarar. Dersom de lurer på noko, ta kontakt med Fotballgruppa i LIL.

Treningsplan 25

Treningsplan og kampplan for Larsnes veke 25

måndag

Kl 17.30 – 19.00

Kl 19.00- 20.30

 

Ledig tid frå 19.00

På kunstgraset

Kamp for g14 kampstart 17.30

 

Kunstgras

kunstgras

 

tysdag

16.30- 18.00

18.00- 19.30

 

18.00-19.30

 

19.30- 21.00

Trening mg  j10 og g  8

Trening lg 10 og 11

 

Senior 2

Kunstgras

Kunstgras

 

kunstgras

 

kunstgras

onsdag

Kl 16.30 – 18.00

Kl 18.00 – 20.00

Trening smg 14 og j 16

J 16 kamp

Kunstgras

kunstgras

torsdag

16.30 – 18.00

18.00 – 19.30

 

 

Småjente 14

A-lag

L

 

Kunstgras

Kunstgras

 

fredag

Kl 13.30- 15.00

16.30 – 18.00

18.00 – 20.00

Lg 10 og 11

Småg 14 og j 16

 

Kunstgras

Kunstgras

kunstgras

laurdag

Kl 13.00 – 14.30

Kl 16.00

Senior 2

 

Kunstgras

 

søndag

Kl 13.00- 14.30

Senior 1

kunstgras

 

 

 

 

Halvmåne A er den delen mot Hallelia.

NB! Grasbana vert sådd på nytt denne veka derfor kan vi ikkje nytte den.

 

 

Fotballplan veke 23

Treningsplan og kampplan for Larsnes veke 23

måndag

Kl 16.30 – 18.00

Kl 18.00- 20.00

Kl 18.30

 

Ledig tid frå 20

På kunstgraset

Smj 14 og j12

Kamp smg 14 mot Hødd

Larsnes - Brattvåg

 

Kunstgras

kunstgras

gras

tysdag

16.30- 18.00

18.00- 19.45

 

 

18.00-19.30

 

19.30- 21.00

Trening mg 7, 8 og lj 10

Larsnes - Åheim

G11 avd.8

 

Trening lg 10 og 11

 

Senior 2

Kunstgras

Kunstgras

 

 

gras

 

kunstgras

onsdag

Kl 16.30 – 18.00

Kl 18.00 – 19.30

Trening smg 14 og j 16

a-      lag

Kunstgras

kunstgras

torsdag

16.30 – 18.00

18.00 – 19.30

 

19.45- 21.30

Småjente 14

Larsnes - Åheim

J12 avd.5

Senior 2

Kunstgras

Kunstgras

 

fredag

Kl 13.30- 15.00

16.30 – 18.00

18.00 – 20.00

Lg 10 og 11

Småg 14 og j 16

senior

Kunstgras

Kunstgras

kunstgras

laurdag

Kl 13.00 – 14.30

Kl 16.00

Senior 2

 

Kunstgras

 

søndag

Kl 13.00- 14.30

Senior 1

kunstgras

 

 

 

 

Halvmåne A er den delen mot Hallelia.

NB! Grasbana vert sådd på nytt denne veka derfor kan vi ikkje nytte den.

1234...14Neste