LARSNES SOGELAG

Larsnes Sogelag er eit av dei aktive laga i landsbyen. Utanom sine medlemskveldar er dei svært delaktig i Sumarsamkoma med bygdevandring, og laget  er kvart år med på Sandemessa.

Det er eit svært viktig arbeid som vert nedlagt. Eg tenkjer ikkje berre på den store biletskatten av gamle og nyare bilete, men alt det som  elles kunne gått  i gløymeboka  – og som enno ikkje er  nedskreve.

Oppmodinga mi er at alle bør vere med på å dele den nære lokalhistoria  med alle – og då er Sogelaget staden!

Larsnes Sogelag skal sjølvsagt vere med på årets Sandemesse, så ta deg ein tur til standen deira! Årets Sandemnesse er laurdag og søndag 21. og 22. november!

Kontaktperson er  Hilde Brune Nystøyl – 40485983.

tronto@tussa.com