Valkampopning

Mykje hende i landsbyen denne laurdagen: Fotballturnering, båtdåp, bryllaup og valkampopning! I 11-tida starta valkampen i landsbyen. Då rigga Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeiderpartiet seg opp mellom COOP og Joker.  Sjølv med så mange aktivitetar som det var i dag, så vart det 3 gode timar!

Alle var i alle fall samde om i år måtte folk stemme. Larsnes var – som mange veit –  den krinsen  som hadde dårlegast oppmøte i stemmelokala under   kommunevalet for 4 år sidan. Sånn kan det ikkje bli i år, så landsbyfolk; mandag 9. september: Bruk stemmeretten din! Stem!

tronto@tussa.com