Tryggare langs bryggjekanten

No er det endeleg montert markering for nivåforskjellar langs bryggjekanten på Larsnesbryggja. Det er malarmester Lindvik frå Stryn som har montert tilsaman 40 meter med kantmarkeringar.

Det er spesielt for svaksynte og er internasjonal standard på ”knudreplasten”. Trakkar ein på ”putene” markerer dei nivåforskjell anten opp eller ned. Den er montert på fem plassar langs kanten på gangvegen.