Ting skjer i Landsbyen

Dei fleste av Landsbybuarane har merka at parkeringsplassen på Drageskaret har blitt utvida. Mange har også fått med seg arbeidet ved Landsbyhuset Breidablik!   Begge desse arbeida er heilt utan noko som helst «hjelp» frå kommunen!

På Drageskaret har trimgruppene i Larsnes IL og Gursken IL gått saman for å utvide parkeringsplassen då det til tider har vore «anarki-parkering»; og dei fekk med seg Sparebanken Møre til å ta utgiftene!  Godt jobba! Takk til banken!

Området mellom Landsbyskulen og Landsbyhuset er blitt planert og skal gjerast heilt klart før skulestart! Må berre seie igjen; godt jobba!

Flittige hender! Det er godt at ting skjer i Landsbyen!

Og Landsbystranda vert flittig brukt; både av nære og fjerne, unge og gamle!  Det går altså an!