Tida går; tida kjem….

Syns du tida går fort; eller at tida kjem – og vi står der med opne armar og tek imot! I alle fall skriv vi no 18. november og vi har lagt bak oss både val og fotballsesong og – ikkje minst – 4 fantastiske Feel-It-forstillingar på Landsbyhuset!

Vi har hatt ein fantastisk haust, men kjenner no at vi har årstider i Norge. Glattisen har skremt fleire og julemennene har  vore på plass i butikkane i vekesvis.

Vi har nesten ikkje  lagt frå oss Feel-It før Sandemessa står for tur.  Tidleg vart det kjent at utstillarane strøymde på  – og at det vart fullt hus. I tillegg har Sandemessegjengen sydd saman  eit flott, variert  program  begge dagane som er laurdag 23. og søndag 24. november!

«Kva skjer»-lista framover ser slik ut:

Onsdag 20. november: «Frå lys til mørke» med Ålesund strykekvartett i Larsnes Kyrkje kl 1930

Laurdag 23. og søndag 24. november: SANDEMESSA på Landsbyhuset/Larsneshallen.

Fredag 29. november: JULEEBORD med NHF Sande på Landsbyhuset.

Laurdag 30. november: JULEGRANTEENNING ved Sandetun og ADVENTSKAFFI på Landsbyhuset. HML Varden.

Fredag 6. desember: ADVENTSKONSERT med Kultturskulen i Larsnes kyrkje

Fredag 13. og laurdag 14. desember: FEEL FABULOUS m/Ulstein Storband på Landsbyhuset – SWINGING CHRISTMAS

Torsdag 19. desember: Larsnes skule sin JULEFEST på Landsbyhuset.

Fredag 27. desember. ROMJULSQUIZ på Landsbyhuset . Larsnes IL .

Og i januar får vi to helgar til med FEEL-IT!

Litt av kvart med andre ord!