SUMARSAMKOME 2019

Så er Landsbyen Larsnes klar for Summarsamkome; den åttande i rekka, men frå 1979 og utover,  hadde LIL teke ansvar for jonsokfeiringa, som vart til Larsnesdagane i 1981!  Det var eit stort arrangement over fleire dagar! Etter at Landsbyen Larsnes vart etablert,  har arrangementet vore organisert av Landsbyrådet – og overskotet har vore delt til lag og organisasjonar i bygda! Heile tida har dagane vore lagt til jonsokhelga; og i år startar det fredag 21. juni!

Årets Sumarsamkome er som tidlegare,  ei rad aktivitetar for dei yngste til dei godt voksne! Oppstarten er fredag i Larsneshallen  med «Miniklubb», deretter på Gamlebanken vert det Juniorklubb og til slutt Ungdomsklubb. Det heile startar kl 1700.  Landsbyquizen på Landsbyhuset opnar dørene i 8-tida. Som alltid, er det Margunn og Trond som er quizmasterar! I skrivande stund seier rykta at LGFK har fått bytt heimekamp med Hødd 2 – og den skal gå på Larsnes Stadion; start muligens kl 1800.

Laurdagen startar med historisk Landsbyvandring; denne gongen er det Kvalen! For dei minste startar aktivitetane kl 1500 med ansiktsmåling og fantetog, funballz, tombola, bål;  Jonsoksjåv med allsong og mykje meir, offisiell opning av Landsbystranda og Jonsokpub i teltet frå 2100. Men då  har Harald allereie vore i sving i timesvis med grilling  av heilgrilla  gris i Landsbyparken. Kom og sjå! Kom og nyt dufta! Middagsserveringa startar i 3-tida i teltet!

Søndag kl 1200 startar Larsnesmila; mil nr 35 i rekka. På Landsbyhuset Breidablik er det middagsservering og Leikeland i hallen; alt frå kl 1500. Sumarsamkoma vert avslutta kl 1800 med Stormøte i regi av Landsbyrådet!

Utanom heilgrilla gris kan borna få kjøpt seg «Aktivitetspass»!  Vi kjem tilbake til kva dette passet vil innehalde, men det er spennande og faktisk ganske lønsomt!

Heile overskotet på Sumarsamkoma går tilbake til landsbyen og vert delt mellom Larsnes Sogelag, Gamlebankens Scene, Landsbyhuset Breidablik og  Landsbyrådet for Landsbyen Larsnes.

Sjå og les oppsette plakatar; les godt foldaren som kjem i alle postkasser og del dette med alle! Og for all del; møt opp! Dette skal bli kjekt!

tronto@tussa.com