Storinnrykk i landsbyen

Ytre Gurskøen Ten Sing arrangerer denne helga tidenes vintertreff – VT19 på Larsnes! YGTS inviterer all ungdom mellom 13 og 19 år til dette  store treffet i landsbyen 1. – 3. mars.

Litt om programmet

Så langt veit vi skal  Ten Sing Norway ha storshowet sitt  denne helga; i  tillegg vert det mange spennande seminar. Elles vert dette ei  helg fullspekka med scenesprell, turnering, show, singspiration/bibeltime, ulike seminar, gudsteneste, nattønske og mange moglegheiter til å bli kjent med nye folk.

Helga startar med registrering frå kl. 18.00 på fredagen og sluttar med avslutningshow på søndagen, og VT19 er ferdig seinast kl. 15.00 på søndag.

VT19 legg opp til at alle Ten Sing-grupper og einingar som ynskjer det, skal få høve til å opptre på ei eller anna scene i løpet av helga.  Spennande vert det å høyre kva som har blitt øvd på i løpet av vinteren!

PROGRAM:

Fredag 1. mars kl 2100: ÅPNINGSSHOW  på  Landsbyhuset med TEN  SING NORWAY. YGTS er “oppvarmingskor” .Bill.: 150.- for voksne; 50,- t.o.m. 13 år.

Laurdag 2. mars kl 1430 : GLOBALMARKNAD i Larsneshallen  for å vise økonomisk rettferd og etisk handel. Pengane går til hjelpearbeid på Sri Lanka.

Laurdag kl 1900: KONSERT på Landsbyhuset med fleire TenSing-kor + Ufokusert. Bill: 50,- for voksne; t.o.m. 13 år gratis.

Søndag 3. mars: Gudsteneste på Landsbyhuset Breidablik  – med kyrkjekaffi etterpå i Larsneshallen!

VT19 har eiga facebooksida  som sjølvsagt heiter;  VT19!

Det skjer i Landsbyen! 150 påmelde + TenSingNorway + CFC !

Ta deg tid å vere med du også!

tronto@tussa.com