STERK OG STØDIG

Larsnes Helselag har eit svært godt lavterkselstilbod for seniorar kvar mandag i Larsneshallen. Det er fysioterapeut Kristine Rein som er instruktør denne timen frå kl 1400! Sist mandag var der 14 ivrige seniorar i sving! 

«Sterk og Stødig» er eit opplegg retta mot heimeverande seniorar som kjenner på balanseproblem, men som likevel klarer seg godt i eigen heim. Hovudvekt er trening på balanse, styrke og kondisjon. Starten er lett oppvarming – og avsluttninga er nedtrapping. Det viktigaste er likevel balansetrening!

Hovudinstruktør er Kristine Rein, men to av medlemmane har gått på kurs og den andre fysioterapeuten Kristina Meinseth vil også vere med  som instruktørar.

«Øvingane er passe harde , og alle gjer det dei greier!» seier leiar i Larsnes Helselag Astri Bente Sandvik.  » Hugs at trim er ferskvare  og må stadig fornyast. Det er lettare å førebyggje enn å reparere;» seier Astri Bente til slutt, og legg til: «Her er plass til fleire, så kom mandag klokka 2! Einaste kravet er gode innesko og ledige klede! Ja, så er det gratis!»

Det siste må vel vere forlokkande, ja, utanom å bli i god form!