Sosakjøt og filmquiz

HML Varden slo til i dag med sosakjøt og filmquiz på Landsbyhuset. Det var stappandes fullt, og sosakjøtet smakte fortreffeleg!

Etter at middagen var fortært, var det filmquiz- sjølvsagt  med inntak av popcorn!  Varden spelte, vi skulle gjette medan  Harald Sætre –  ein ypperleg quizmaster – losa oss gjennom konkurransen, men lett var det ikkje! Så er det sagt!

Nest siste post på programmet var auksjon av gamle musikkinstrument! Harald har no mulege kandidatar til fleire i korpset! Avslutningsvis spelte Varden  to nummer under leiing av dirigent Helga Kristin Sætre!

Ei koseleg ettermiddagsøkt, god mat, god stemning!  Takk til Varden! Og ettermiddagen var ferdig akkurat tidsnok til å nå “Salmekveld” i kyrkja!

tronto@tussa.com