Snart skulestart

 

«Ein bitte liten skule på ein bitte liten stad..» Slik startar skulesongen! Mandag er det skulestart og  då er det 12 forventningsfulle born som skal starte på eit 13 år langt skuleløp! Landsbyskulen er ein bitte liten skule i nasjonal samanheng, men den desidert største barneskulen i Sande; i alt 87 elevar!

Rektor Oddhild Gjengedal seier dei er godt rusta til eit nytt skuleår. Ein ny lærar; Dina Fugledal Wiik og ein ny fagarbeidar; Wenche Botn Strandbø. Elles er personalet det same, og det er betryggande! seier Oddhild, som tilføyer at skulestarten vert tradisjonell med samling ved flaggstonga  mandags morgon kl 0820!

Dei som får sitt første møte  med skulen  – og er aller yngst  – denne dagen er:

William Vattøy Gulbrandsen, Marie Hjelle, Daniel Malinovski, Alodia Mutheu, Norah Sætre Nystøyl, Bertine Roald, Jenny Rovde, Sandra Rinrada Skrede,   Leah Dalen Slettestøl, Thea Margrete Ristesund Støylen, Alma Sætre,  Andrea Torset.

larsnes. no ønskjer alle desse 12 «nye» lukke til med første skuledagen og vidare i «skulelivet», vi ønskjer også alle dei andre elevane lukke til, ja, vi gløymer ikkje foreldra og dei 16 tilsette som skal gjere dette skuleåret til ei god tid for alle.

 

tronto@tussa.com