Snart jul – og tradisjonen tru!

I dag kom julestemninga til landsbyen! Julegrana vart tent ved Sandetun, og adventskaffien vart tatt på Landsbyhuset! HML Varden står for tradisjonen!

I år vart tenninga flytta til laurdag ! Likevel møtte folk opp! Varden spelte ute ved Sandetun! På Breidablik spelte dei fleire julesongar – og publikum vart oppfordra til å synge med! Ein fin test – mange kunne tekstane og vart med på songen!
Dette sette oss i den rette julestemninga saman med kaffi, julebrød, pepperkaker og julenisse! Ein triveleg laurdags ettermiddag! Takk til Varden!