Sikteplata på Veten

Søndag 30. august  vart sikteplata på Veten offisielt avduka! Sjølv om vêret ikkje var heilt på lag, tok mange turen opp på den 458 meter høge Veten; som er Trimgruppa i Larsnes IL sin!
Sparebanken Møre fylte 175 år  sist haust . I den samanheng ga banken ei  gave til eit godt formål til alle «sine»  kommuner.

Trimgruppene i idrettslaga i Sande kommune  gjekk saman om ein felles søknad om jubileumsgave. Søknaden gjekk gjennom – og pengane skulle gå til sikteplater på  5 lokale fjelltopper- Nonshornet på Kvamsøya, Rinden på Sandøya, Storetua i Gursken, Hidsegga i Gjerdsvika og så vår topp; Veten!

Juryen begrunna avgjerda med at det var var eir prosjekt som berørte mange; eit positivt bidrag til folkehelsa og at prosjektet er av varig karakter!

Og no er «vår» plate på plass! For alle som ikkje kunne ta turen  opp  på Veten i dag, så gled dokke til å bruke plata og finne ut kor langt du kan sjå frå Veten; ja, heilt  til Romsdalsfjella, viss vêret tillet  det!

larsnes.no takkar Trimgruppa i LIL for godt arbeid ; både med sikteplata, merkingen av turstiene og «Til topps»- turane!