Sandes største kor

Skulekoret på landsbyskulen avlutta programmet på årets skulejulefest på Breidablik slik koret har gjort i 30 år på rad! Trur at skulekoret er Sande sitt største kor med heile 88 songarar!

Tradisjonen tru avsluttar Larsnes skule  kalenderåret meed julefest på Breidablik  der foreldre og søsken og bygdafolk får vere med. Igjen var det aldeles stappfullt på landsbyhuset. I denne forma har skulen hatt julefestar sidan 1979, og faste innslag har vore opning på programmet med førsteklassingane og lystenning. Sameleis har det vore fast at 5. klasse har juleevangeliet som «sitt» innslag,  og sidan 1988 har skulekoret avslutta programmet. Alle klassene hadde innslag – og alle elevane var med! Flott!

Fast har det også vore ei matykt etter programmet, før kvelden vert avslutta med gange rundt treet! Slik var det også i år!

Folk kosa seg! Godt og variert program i 1 1/2  time.

Viktig med tradisjon! Viktig for skulen og elevane «å¨vise seg»!  Ein god tradisjon å møte jula og juleferien på! Takk!

tronto@tussa.com