Sandemessa 24.-25. november i rute

Sandemessa vert arrangert av Larsnes idrottslag og grendehuset Breidablik på Larsnes. Sandemessa vert alltid arrangert før første helga i advent. I fire årtier på rad har messa vorte arrangert. 

Rundt 130 frivillige jobbar dugnad både før, under og etter messa, for å få arrangementet til å gå rundt. Om lag 1.500 personar er innom messa kvar år. Som vanleg vert det rikhaldig program frå scena i landsbyhuset. Sandemessa 24. og 25. november er plassen å vera om du vil høyre ordkunstnaren Knut Arne Høyvik kåsere m.a.

Messa er like viktig sosialt, som ho er økonomisk, og er eit felles løft for heile landsbyen Larsnes. Messa er på mange måtar eit kurs der dei unge får opplæring i det å gjere noko for fellesskapet.

Leiaren av landsbyhuset Breidablik, Harald Sætre, seier at det er eldsjeler opp gjennom åra som har gjort at Sandemessa har klart å halde tritt med utviklinga desse åra. Folk ser at Sandemessa er bra for bygda, ho skaper fellesskap og genererer midlar til bygda. I år var det rundt 40 aktørar med stand (Nokre få ledige) på Sandemessa. Feire av dei har stilt ut på messa før, andre er her for første gong. Spekemat, fisk, lefser, sylte, produkt av alpakkaull, Tupperware, heimestrikk, bøker, antik og mykje meir var å få kjøpe.
Tradisjonen tru er det styre i Breidablik og Larsnes Idrottslag som arrangerer messa. Den går av stabelen siste Helga i i november, 24. – 25. er blinka ut. Opingstidene vert som vanleg 12-18 begge dagar. Det vert fullspekka med opplevingar, mat og handverk og ikkje minst tradisjonell middagsservering.

Kontaktpersonar: Harald Sætre, Mob.: 913 18 358, harald@tannstad.no
Einar Ekroll, 90 94 55 65, einar.ekroll@tussa.com