Rekordpåmelding til Sandemessa 24.-25. november

Det teiknar svært godt for årets Sandemesse. Messestyret har fått plass til nærare 40 standar på messeområdet. Det er ekstra gledeleg at 17 av desse standane er nye for året.

Vareutvalet er utvida, der mat også i år har hovedfokuset. Nytt av året er fleire standar med bekleding, herreklær og jakt-/fritidsklær. Eit par standar med brukt og antik er ekstra spennande dette året.

Minikonsert med Elise Nærø på Sandemessa

Deltakar i The Voice 2017: sang i 9 av 10 runder. Siste tida har ho  spelt konsertar for fulle hus med bandet sitt. Er aktuell med solokonsertar i Bergen og Kristiansand, og jobbar med utgivelse av ny musikk. Ho bur i Fosnavåg og jobbar som frilans sangpedagog og artist. Du høyrer henne laurdag frå kulturscena.

Kulturinnslag frå scena kvar time

Forfattarane Johannes Bjarne Alme fortel frå boka ”Eventyret Fangstmannen» og Guri Aasen fortel og les frå eiga bok. Også boka «Kvardagsmat» vert presentert av forfattaren Anita Stokke Blomvik, – ho vil inspirere til matlaging.
Vi får også ”Vitenshow”. Professor Kari S. Kvante sin assistent Bjarthild Knotten demonstrer.
Det vert også song av Isabell Skogeog søndag vil Knut Arne Høyvik kåsere i kjent stil med skråblikk.
HML Varden spelar og messa vert avslutta med kåring beste stand og trekning gratislotteri.

Segn og Soge 2018

Årets utgåve blir presentert Sandemessa. 20 artiklar over 140 sider som frå kvardagslivet siste hundråret. Du kan lese om Gursken kyrkje, kvardagslivet i Rønneberggarden for 100 år sidan og ikkje minst globetrottarar frå Sande som reiste ut i verda både i krig og fred. Melkekøyring til Ørsta har fått eigen artikkel og ikkje minst to artiklar og handgjerning i gamle dagar. Kraftverket i gjerdsvika vert omtal samt ein artikkel om ungdomgjeremål på Voksa før vegsambandet.