Og så kom sanden!

Natt til torsdag kom «Sandtroll» synnafrå med sand til vår kjære «Copa Cabana», som Einar ville ha sagt!  Rundt 0130 starta pumpinga – og resultatet får du sjå her!

Dette vart flott! Andre etappe er unnagjort – og no får vi ta eit kostnadsoverslag og då får vi sjå kva meir vi kan få til!

Eit problem som kan dukke opp, er søppelhandtering. Vi bør kanskje lære av fotballfansen til Japen! Etter at laget tapte for Belgia og dei var utruleg skuffa, så rydda dei tribunedelen der dei sat! Sameleis gjorde fotball-laget. Garderoba var strøken då deui forlot!

Mi oppmoding  er at vi prøver å ta med oss søppelet viss dunkane er fulle! Skal eg takke på førehand? Ja, eg gjer det, for vi vil ha det pent rundt oss!

tronto@tussa.com