Nyopning av Larsnes.no

Offisiell lansering  av  den nye utgåva av Larsnes.no på quiz fredagskvelden.  Hovding   Øystein Johansen markerte opninga med sine ord om ideen til landsbyen, visjonen, aktivitetane desse 10 åra og innspel på framtidig løft for Larsnes. 

Øystein fortel om ideen  om Landsbyen Larsnes som vart unnfanga i eit lystig lag i Grønnevika romjula 2007. Ein gjeng patriotar med litt i glaset sat i høgrøsta og munter diskusjon om det meste, men mest om korleis  vi kunne gjere Larsnes til ein betre stad å bu. Kombinasjonen av patriotisme , galskap og handlekraft, saman med det faktum at det poppa opp små og enda mindre byar rundt oss på fleire kantar gjorde at landsbytanken slo rot og vart eit faktum frå 6.mars 2008.

Vidare refererte Øystein til visjon som er vist til i artikkel tidlegare i veka.

Stormøte søndag kl 18.00 vil ta oppigjen tanken om å løfte eller rehabilitere Landsbyen Larsnes gjennom informasjon, og idédugnad. Øystein oppfordrar publikum: «møt opp og bidra!»

Det er oppnemnd ein valkomite for å førebu eit nyval av Landsbyråd og Hovding til hausten.

Aktivitetane har gått i bølgjer fortel han vidare: Nemnast kan idédugnad, Sumarsamkome, quiz, skilta og eiga nettside.

Vi er stolte av å kunne presentere ei ny nettavis for Larsnes med ny design. Den er tilgjengeleg i alle digitale media med god støtte frå Sparebanken Møre. Sjekk Larsnes.no så ofte du kan.

Redaksjonen er utnemnd av Landsbyrådet, og dei er i gong.