MSIL Wheelers

I dag hadde MSIL Wheelers  treninga si i Larsneshallen.  Jørn-Hugo Johansen er Larsnes sin aktive i denne klubben.  Dei trenar kvar tysdag; vanlegvis i Solevåghallen, men denne laurdagen hadde dei altså teke turen til landsbyen. Delmålet for desse er  i dag Hansa Cup i Bergen i mai.

MSILWheelers er ei undergruppe av Mauseidvåg/Solevåg IL og vart stifta i oktober 2014. Hovudmålet er å aktivisere bevegelseshemma til å vere aktive året rundt. Gruppa har delteke i Hansa Cup tidlegare ;  rullestolbasket er greina dei deltek i! Og dette er ingen lett sport, spør du meg.  Viss du vil vere med på ei trening, ta kontakt med Jørn-Hugo! Kanskje er det ikkje lenge til neste trening i Larsneshallen.

tronto@tussa.com