Møteplassen for godt vaksne

Pensjonistar og nesten pensjonistar har eigen møteplass i landsbyen.  Jokerkråa er utan tvil plassen ein skal gå om ein vil ha seg ein uformell prat. Presis på prikken 12:30 møter 6-10 personar opp.

Vår lokale jokerdame, Anette Gulbrandsen, har servert ei av utallige kanner og kaffi pluss godsaker frå sortimentet. Kaffien kostar kr. 5,- pr. dag og kråa har eigen «pengetank» for frivillig betaling.Samtaletema er som regel noko som kan sjekkast i sogebøkene, som ber preg av hyppig blading. Alle er hjarteleg velkomne men ver merksam på at enkelte har faste plassar. Det er dei yste plassane som er mest populære. Aspirantar og dei som er tidelause må stå første åra. Løyndomar finns også, men sjokoladeskuffa til Sverre Oksavik er hemmeleg. Hylla med kompetansestoff /sogebøkene m.a. bli flittig brukt. Sogelaget har bildeutstilling med Steinnesbilder. Fritt for alle å møte opp. Oppmøtetida er 12:30 til 14:00, fri får ein berre ved sjukdom og ved gravferder. Det hender også av kråa har vitjing frå nabobygdene. Folk frå andre sida av fjellet og personar som ventar på ferja er hjarteleg velkomne.

einar.ekroll@tussa.com