Miniturnering med 34 lag på stadion laurdag

Miniturneringa laurdag 24. august startar 10:30 og varer til 16:00. Alle kampar foregår på Sunnmøres beste naturgrasbane; nemleg Larsnes Stadion.  Frå 10:30 vert der nye kampar kvar halvtime. Det skal tillagast  4 5-ar baner og 2 bingar , og totalt skal 34 lag  i aksjon og heile 53 kampar skal spelast! Med andre ord; eit kjempestort arrangement!

LIL Fotball ber om at folk parkerer ved Larsnes skule/Larsneshallen

På stadion vert det vanleg kiosk, grilling og salstelt ;  høve til kjøp av både burgarar og is og meire til.

Larsnes IL Fotball er ein kvalitetsklubb og har stor fokus på Fair Play. Alle håpar på at dette skal skine gjennom denne laurdagen. Så håper vi også at det vert ein laurdag utan regn!  Vel møtt alle saman!

tronto@tussa.com