M/V «Zephyr» er døypt

  1. Laurdag  – litt over 1400 – vart champagneflaska knust mot skutesida av gudmora frå Shetland: «I give this vessel the name Zephyr»!

Kaia til Larsnes Mek var fyylt opp då HML Varden stemde i med ein flott marsj. Klokka 1400 talte disponent Jarle Gunnarstein. Han måtte i dag tale på engelsk då godt over 100 var komne vegen frå Whalsay i Sheetland. Etter dåpen var det mat og drikke til alle frammøtte!  Seinare på dagen skulle gjestar innta  Thon Hotel, Fosnavåg  til dåpsfest! larsnes.no gratulerer både rederi og verft med den flotte båten!

tronto@tussa.com