LIKE FØR DET BRAKAR LAUST…..

Fredag 9. november brakar det laust: Sjuande sesong med FEEL-IT! 8 kveldar med fulle hus med  eit forrykande dinnershow – noko  tidlegare  gjestar kan skrive under på sidan starten i 2012 – i eit antal av over 6500!

– Vi har som mål å presentere eit nytt dinnershow kvart år, med nytt repertoar og ny meny! Vi vil også vise at vi kan meistre ulike musikkstilar, heiter det i pressemeldinga. Orkester og solistar  har klasse!

Og maten då!! Årets meny: Starter: Laks tartar. Forrett: Brosmesuppe. Hovudrett:  Heilsteikt kalvefilet. Dessert: Bringebær m/krydderrjøme!  Dei originale Feel-It-kokkane er tilbake! Garantert suksess med kokkane Tormod, Erlend og Tor Egil.

Vi gler oss til dinnershowet – både musikk og mat!

tronto@tussa.com