LGFK – siste kamp i år!

  • Fredag 26.oktober spelte LGFK årets siste kamp!  I dag var det opplett og stilt på River Plate!! Men ved kampslutt stod gradestokken på null!

Ein spennande kamp, stor innsats frå begge lag, ein dommar som burde vere tydelegare og strengare, kun (!) 3 gule kort, 8 tenåringer blant dei 14 som LGFK brukte og mange flotte mål!  Må nemne Aleksander Rekdal sin kanonkule frå 20 meter(2-2) og Leiv Sindre Murensi utlikning til 3-3 – limt  i krysset frå 17 meter. Tek også med Emblem sin fulltreffer til 2-3! Tor Jørgen Kleppe scora førstemålet etter 2 minutt! Og; i mangel på keeper tok Oskar Gunnarstein jobben! Oskar gjorde ein god jobb! LGFK vart Nr 9 med 23 poeng. AaFK 2 rykka opp! Ein pause no, men med så mange unge på laget kan  LGFK sjå framtida lyst i møte!