Landsbyshowet innfridde

Den 4. sommarshowet i rekkja vert arrangert denne helga på Gamlebanken. Idag, laurdag, hadde showgjengen med Oskar Fjørtoft Sandanger i spissen full klaff  og vi gler oss alt til jubileumsrevyen neste år.

Sommarshowet inneheldt ein serie med korte og aktuelle sketsjar om aktuelle tema. Dei med lokal vinkling traff best.

Arthurspelet på 2 min og 53 sekund var mellom dei mest sjåverdige. Skulebygging i kommunen var også tema. Det meste gjekk vist i tullball med hall og halve skular, hallar og symjebasseng. Det enda visst med hall/halv riving og dei reiste vidare til Vallhall. Også Landsbyhøvdingen som var verkeleg høvding hadde gjestopptreden.

Dugnad var og eit hovedtema eller som dei sa: Nadde er no dritt! Så fekk sjølvsagt navarane  sitt og brødre som hadde VM i sikte.

Som før var det Filip Baba som avslutta med transelering av norske ord og uttrykk. Proff lyd og lys må og takast med.

Sjåverdig, siste framsyningane vert imorgon søndag 12. august Ta turen du også! Billettar får du i døra om du er seint ut.

einar.ekroll@tussa.com