Kjekt å vere med!

Har eit ørlite problem! Mister nesten pusten! Klarer ikkje å få med meg alt! Ja, alt som skjer i Landsbyen  vår!

Høyr; berre denne veka:

• 4 fotballkamper på Stadion/KGB

• Dugnad på Halletun

•Dugnad på Stadion

• Underhaldning på Øya tysdag

• Blåtur med Småtroll torsdag

•  «Fredagsaktivitet/show» på Øya/Sandetun

• YGTS med sommaravslutning fredag

• Helselagsbasar på Elverom kl 1500 laurdag

• Trubadur Lizz på Naboen laurdagskvelden!

 

Høyrde eg nokon som kvitra om  at det er kjedeleg i Landsbyen vår? At ingenting skjer?

Dei trur eg må ha fått i seg noko surskestyr!

Og snart er det juni! Snart er det Sumarsamkome, men mykje meir kjem til å skje! Vi gler oss, men av og til må ein kjenne etter pusten!

tronto@tussa.com