Kampdag 3 på Norway-cup

I det fine sommerveret i Oslo enda gruppespelet  med guttelag vidare til A-sluttspel som puljevinnarar og jentelaget til B- sluttspel. Her er 14 års laget etter kampen saman med store delar av heiagjengen.

G 14 sin tv- sendte kamp enda til slutt med uavgjort mot Åmdal- Tokke etter at Larsnes leia 2-0 ved pause. Laget vart likevel puljevinnararar og skal spele 1/16 finale i morgon kl 16.15 mot vinnande lag mellom Herd og Farsund. For den som såg kampen er rapportane frå Oslo at det gjekk bra med keeper Ingrid som fekk seg ein trøkk i sluttminutta av kampen.

Jentene tapte siste kampen 2-0 mot Hamarøy. Dei skal difor spele i B-sluttspel i morgon kl 08.00 mot Trio.

LGFK har spele to kampar i dag. Først vann dei soleklart 14-2 mot Strandebarm og i ettermiddag vart det uavgjort 3-3 mot Tingvoll. Laget vart puljevinnarar og skal spele 1/8 finale, motstandar ikkje klart enno, men kampen går kl 19.15. Smp.no sender kampen.