Joker Larsnes 10 år

Laurdag var det «bursdagsfeiring» på Joker Larsnes. Heile 10 år har gått sidan vår alles Jokerdame og butikksjef Annette Gulbrandsen tok over drifta! Dette vart feira med gode tilbod, kaker og kaffi – og is til dei yngste! Det var trongt om plassen  denne laurdagen – og berre smil og gratulasjonar  frå alle!

Vi tok ein liten prat med Annette som seier det hart vore 10 år med utfordringar, men heile tida har ho hatt unike medarbeidarar, ja, nokre har vore med heile tida frå starten i 2009! Sjølvsagt har den nære familien vore avgjerande for at dette skulle gå, seier Annette vidare. Til slutt ville Annette takke alle  for støtta – ikkje minst til alle  trufaste kundar!

Både kaffi og kaker smakte godt – og isen som dei yngste fekk, såg ut til å falle i god jord! Vi gratulerer Annette nok ein gong med dagen og ser fram til neste feiring!

tronto@tussa.com