J14 avslutta god sesong med sosialt samvær
Larsnes J14 avslutta fotballsesongen 2018 med sosialt samvær laurdags kvelden. Langbord var dekka og ein rikholdig pizza-meny vart servert i lag med svele og sjokoladekake.
Oppsummeringa blant spelarane var at det hadde vore ein god sesong – spelarane har hatt det gøy i lag! Ein gjennomgang av tabellen viser også ein god sesong med jamn poengplukking både på heime- og bortebane. Spelarane fekk utdelt velfortent skryt for god oppførsel gjennom sesongen – dei er svært gode ambasadørar for larsnesbygda og Larsnes IL! Føresette fekk også skryt for vel utført sesong meg knirkefri utøvelse av kampkøyring, garderobevakt, fair-playkontakt og support.
Laget held no fram med lett trening framover mot desember. Neste år er det ny sesong – og både spelarar og foreldre ga signal om at Norway Cup 2019 bør vere eit mål å jobbe mot, men det vert neste år!