«Hagen min»

 

I mange landsbyhagar  er det no full blomstring  av ulike valører og i nokre er det meir enn andre. Ein av desse Haugane finn vi i Larsnesvegen  100. Hos Eli og  Torbjørn Rekdal er hagestell meir enn berre ein stor hobby og interesse. Det er ein livsstil!

Eli tenker at ho har fleire hundre planter, berre i pottene har ho 100.

På denne tida trur ungane at mora tilbringer minst 30 timer i veka i hagen når det er fint vêr! Tobben seier at ein god hagedag startar med ein kaffikopp på verandaen med påfølgjande 12 timar med hagearbeid. Det er stadig eit nytt hageprosjekt på gong. I år har det vore urtehage, i fjor var det det blant anna portal.

Favoritten av blomane, sjølv om det er vanskeleg,  er  Androsace Sarmentosa som er handla på Botanisk hage i Oslo.  Det står ein sjeldan art i Oslo og ventar som Eli ser fram  til å få heim etter ferien i Hellas.  Det er  Cholate Soldier Grønnakeleie.

Eli meiner at hagen ikkje er tipp topp no, då ho har forsømt hagen på grunn av studier i tre års tid, ikkje at det er mogleg å sjå.

Det er laga ein liten filmsnutt frå hagen.

mar.rekdal@gmail.com