G 14 i gong på Norway- Cup

G 14 er første lag ut  i årets Norway – Cup. Kampen mot Kjelsås gjekk i morgontimane  på Abildsø der  9 gutar og jenter fekk testa forma i sommarvarmen. Alle spelarar  har god støtte i sine føresette som er med på turneringa. I dag skåra laget 7 mål og resultatet vart til slutt 7-3.

Bilda er frå opning av turneringa på laurdag og frå kampen i dag.

Ein spelar mangla då han i går stod «landtroll» i Bergen. Etter utanlandsturen skulle Mathias Garrido og faren kome køyrande frå Bergen i går, men bilen streika. Mathias kjem seint til Oslo i kveld og er kampklar til kampen i morgon. Tobben Rekdal har steppa inn som lagleiar saman med Aadne Sandanger då Rickardo Garrido er forhindra grunna biltrøbbelet.

Neste kamp er i morgon kl 16.15. Om du abonnerer på Sunnmørsposten kan du sjå kampen på  smp.no live.

mar.rekdal@gmail.com