15.08.2018
FOTBALLSKULEN 2018
Sparebanken Møre sin fotballskule i samarbeid med Larsnes IL Fotball er no godt i gong med årets fotballskule på Larsnes Stadion. Over 50 unge, forventningsfulle born er påmelde; saman med 15 dyktige instruktørar. Aadne Sandanger ønskte velkomen og sa mellom anna at fotball skal vere kjekt, ein skal ha glede, fellesskap og respekt for alle; og så er det lurt å høyre godt etter! Tysdag kom det folk frå A-laget til Hødd, og onsdag er det AaFK som sender spelarar! Håper veret siste dagen vert like fint som den første – og at alle 50 får ei fin oppleving om det er sol eller regn!