FOR EI HELG!!

For ei landsbyhelg! Berre les: Julebord i Handicaplaget på Landsbyhuset fredag med gjestar frå Ørsta, Volda og Herøy omframt frå Sande! Laurdag var det Landsbyquiz på Naboen med rundt 40 deltakarar og søndag var det fullt hus på Landsbyhuset der HML Varden hadde adventskaffi! Noko for ein kvar sin smak!

 Det vart skikkeleg julekos på Breidabik fredag  med utruleg god mat  (takk til Breidablik og Harald &co) og god underhaldning , der eg må nemne Inga Lill Lännerhol, som song nydeleg  – både kjende og nyare songar – saman med Kevin Myklebust på piano! Men meire til: Isabell song og Rebekka og Adele viste fram drillkunster! Ja, så var Unni Takseth der og kåserte! Kjekk kveld; og takk til arrangøren!

Laurdag var det Landsbyquiz på Naboen Restaurant  med rundt 40 deltakarar!  Spennande vart det med eit Herøy-lag som vinnarar av  “lagkonkurransen”.  I “Superfinalen” vart det  det Karl Arthur som seira over Lars Petter og Karl Anders Brendmo! Margunn og Trond losa dei 8 laga gjennom kvelden på ein god måte! God stemning heile kvelden!

Så var det 1. advent – og etter julegrantenninga ved Sandetun inviterte HML Varden til adventskaffi på Landsbyhuset –  heilt full sal, og med underhaldning av Varden og Småtroll vart dette ein god og fin start på  adventstida!

Og kven sa; er det noko som skjer i Landsbyen?

Har nokon bilete frå fredag og laurdag som vi kan brukast, send meg!

tronto@tussa.com