Folka bak…

Feel It; – orkesteret og 3 supre vokalistar – i alt 11 musikarar som verkeleg kan sitt handverk! Maten; – 3 kokkar i super landsbyklasse!  Då er vi komt oppi 14!  Men det trengs fleire for at vi – publikum – får føle super-velveret på dette dinnershowet!

Kvar Feel It-kveld er det om  30 personar utanom dei på scenen  som «gjer» kvelden!  Inngangspartiet skal vere «shina», velkomsten skal leverast, mat skal leggast på fat, det skal fyllast i glas, ryddast på borda, vaskast opp, vaktene på plass, sminking,  ja, og så skal video,  lys og lyd  fungere!  Og før showet skal riggen vere klar; lysa utanfor skal vere tende! For eit arbeid av alle 40!

Fire dinnershow  har det vore no i november med strålande kritikkar! Ja, les Vestlandsnytt og Unni Takseth sitt facebookinnlegg! Ordkunstnaren Unni har verkeleg  teke inn over seg alt dinnershowet har å by på!  Ja, eg er samd med alt Unni skriv!

Det er ein dugnad utan like! Imponerande!» er responsen frå fjern og nær. Til dei som har har billett i januar;  sjå fram til dette showet!

tronto@tussa.com