Fin stemning på jonsoksjåv

Slutten av jonsokfeiring var i kveldinga lagt  innerst  i vika til jonsoksjåv. Idyllisk stemning med blikkstille hav og eit lite bål som ebba ut på «piren». Dei mest uthaldande fekk med seg gummibåtkonkurranse, sang og «gå planken». 

Nytt av året var gummibåtkonkurranse med tre innleiande runder. Allereie i første runde braut åra til Olav Beitveit som la seg i båten for å padle seg inn i duell med Alf Marius Grønnevik. Den neste runda måtte det padlast med ei åre og ny teknikk vart tatt i bruk. Til finalen kom dei to i siste paret. Kristine Rein vann over Mikael Rovde. Øvrige deltakarar var Sofie Grønnevik og Maja Kvalen.

Til å «gå planken» var LGFK og damelaget utfordra. Emilie Kvalen og Martin Haanes kjempa for å vinne og sleppe det kalde vatnet. Etter 15 spørsmål stod begge på siste «trinn», begge svara feil og måtte ta sjøbadet.

Emilie Kvalen og Martin Haanes

Trond Torset sang kjente og kjære sangar blant anna «Mykje lys og varme» og «Har du fyr».