ERLERIDA

Linerla er komen! Det slo i alle fall veret fast i dag! Alltid ei snøride etter at linerla er komen!

Folk tek dette som ei sjølvfølgje at det kjem ei erleride på våren. Likevel; like overraska kvart år! Og ho kjem nesten alltid etter at bilane har fått sommardekka på! Ein høyrer liksom erla der ho sit og ler av deg; på god avstand!

Det er ikkje uvanleg at  snøen kjem att ein gong på våren då vi aller mest håpar på at våren skal kome for fullt!

Ridene er snø som kjem etter at vinteren eigentleg er slutt; og dei er knytt til flyttfuglar!

Starerida er nest sist; erlerida er sist!

tronto@tussa.com