ENDELEG SIGER PÅ LARSNES STADION!

Onsdags kvelden fekk LGFK besøk av Valder på Larsnes Stadion. LGFK  trengde verkeleg poeng i denne kampen – og endeleg; laget lukkast!  Allereie etter 3 minutt Jan Petter Mork inn 1-0. Uti kampen kom LGFK til fleire store sjansar , og  Valder sine forsøk vart effektivt stoppa av ein god forsvarsfirar og keeper Olav Rekdal! I det 74 minutt skåra Anders Vaagen 2-0-målet, og kampen var avgjort! På denne kvelden var det veldig god innsats av  alle spelarar, alle “var på” – og det vart ein fortent siger som gjorde at LGFK kom opp i 8 poeng. Veldig godt å ta med seg!