Eit lag vidare i turneringa

Fem  kampar avvikla  i dag av laga som Larsnesingar er representert. Turneringsspelet stoppa i 8.dels finalen for LGFK . G 14 vidare i turneringa. Jentene tapte andre kampen og er også ferdig med turneringa.

G 14 slo Herd 3-2 i 16. dels finala med skåring av Sebastian Kvalen, Mathias Garrido og Isaac Fjørtoft Sandanger. I 8. dels finala var enda eit Sunnmørslag motstandar.

I kampen om kvartfinale slo Larsnes Sjelkavik 3-0. Alle spelarane jobba godt.  Skåring av Torbjørn Baade, Sebastian Kvalen, og Krubel. Fortsatt mange supportarar på sidelinja, foreldre, søsken,  besteforeldre og slektningar. Ny kamp i morgon kl. 10.00 mot Palestina.

G 16 leia etter første omgang 3-1  etter flott spel og god uttelling mot ein sterkare motstandar Tana som pressa og pressa. Store delar av 2. omgang måtte  LGFK forsvare seg og til slutt lukkast Tana med å ta igjen og vinne 5-3.

J 16 tapte siste kampen 1- 4. Rapportane frå Oslo var at kampen var jamnare enn resultatet tilseier. God innsats frå spelarane.