DUGNAD

No har landsbyen lagt bak seg ein stordugnad med Sandemessa; ja, etterdønningane frå forrige dugnad med Feel-It hadde knapt lagt seg! Desse to arbeida legg seg fint inni folda med anna frivillig arbeid som vert gjort: Arbeid i kyrkja, på  og rundt skulen, stadion, kunstgrasbana, småbåthamnene,  barnehagen; ja, eg har vel ikkje nemt alt!

Når vi i tillegg har all innsatsen som vert brukt på Småtroll, Varden, Breidablik, Larsnes Helselag,  turn i LIL, trim i LIL, fotball i aldersbestemte klasser, ja, då mister eg nesten pusten! Og så har eg vel gløymt nokon her også! Men igjen; ein utruleg innsats vert gjort for å halde hjula i gong i den vesle landsbyen vår!

Eit stort arbeid som ikkje har vore nemnt tidlegare,   er klubbhuset! I vinter forekom ei kjempestor lekkasje.  Det vart forsikringsssak som vart taksert til titusener!  Alt måtte rivast og skiftast i garderobene! Godt over 200 dugnadstimar vart brukt! Det hadde aldri gått utan slik innsats! Det vart heilt nye garderober og dusjar; – eit resultat alle skal vere stolte av!

Vi treng å halde ved like denne dugnadssånda! Og; ordet dugnad kjem frå det norrøne dugnadr som tyder «hjelp, god gjerning, kraft!»

La oss behalde denne krafta!