«Dristig»

I «gamle dagar» låg ei treskute bak Holmen, inni ei  lita sydvendt vik.  Ho var rett og slett blitt køyrt på land! Når dette hende, veit eg ikkje, men båten låg der og var like heil i alle fall rundt 1970.

I dag kallar folk dette for beaching, og det er utbreitt  i mange land;  bl.a. Bangla Desh. Der vert dei køyrt opp på sandstrender,  demontert og høgt opp; alt til ein billeg penge.  I vår  moderne tid er det kanskje dette ein av føtene  Kleven skal stå på!

Gutane syns det var spennande å klatre opp i  båten ,  og det var tøft å klatre opp på båtdekk og stupe derifrå!

Namnet på båten var «Dristig» eller «Dristug», og han var grå; men det er alt eg veit om båten!

Spørsmåla mine er: Hugsar nokon denne båten? Kven eigde han? Kvifor enda han der bak Holmen? Kor lenge vart han liggande?

Kom med svar! Kanskje ei oppgåve for «Jokerkråa»?