
24.02.2019
Det er berre så flott eit tiltak!
I dag søndag 24. feb. var det «Åpen hall» i Larsneshallen med LIL Turn og Stine Sætre i spissen! Eit utruleg flott arrangement med deltakarar frå heile Gurskøya og Fosnavåg!
I første «avdeling» – den med førskuleborn, var der over 30 deltakarar! Dei fekk vere med på ulike, kjekke øvingar, og det var fryd og gaman; både for dei yngste, men også foreldre og besteforeldre som var der som publikum! I andre runde var det born i skulealder, men det var etter eg hadde gått!
Alle bilete har foreldre gitt løyve til! Vi gler oss til neste «Åpen hall» – og DU må gjerne møte opp, for der er også kiosk med kaffi og kaker!
tronto@tussa.com